Skip to Content

Fjordcruise med Fossefallsafari på Hardangerfjorden

Bestill nå! FJORDCRUISE MED FOSSEFALLSAFARI PÅ HARDANGERFJORDEN

Norheimsund RIB Seafari
1. juni 2022 - 7. august 2022: Daglege avgangar kl 12, 15 og 17.
8. august 2022 - 11. september 2022: Dagleg avgang kl 12.
-tek deg rett inn i hjarta av Hardanger. Om bord i vår komfortable, opne RIB får du nærkontakt med dette verdskjende fjordområdet med fossar forma av erosjon og smeltande is for tusenvis av år sidan. Etter å ha kryssa den majestetiske Hardangerfjorden tek fartøyet deg opp det ti kilometer lange og tronge Fyksesundet til Botnen. Ei veglaus grend, avsides, endå etter norsk standard. Tusen meter høge fjell stuper direkte i sjøen. Fyksesundet med fossar og stupbratte fjellsider gløymer du ikkje. Rute: Norheimsund-Aksnesholmane-Herand-Fyksesund-Botnagrend-Kvamsøy-Norheimsund. Avgang frå Norheimsund Gjestehamn i sentrum. Turen passar for alle.

Steinsdalsfossen: 
Etter RIB-turen kan du spasera frå båthamna langs Movatnet til den vidgjetne Steinsdalsfossen og ta bussen attende til Bergen derifrå. Her får du oppleva fossekraft på nært hald. Steinsdalsfossen ligg ved riksveg 7 mot Bergen og har ved eit naturens lune ein gangsti bak fossefallet. Ingen stad får du liknande føling med vasskrafta. Kiosk, toalett, turistinformasjon og busstopp i området ved fossen.

Nyttig informasjon:

Møtestad i Norheimsund: 
Båtturen startar frå Norheimsund Gjestehamn. Kaien 10. 150 meter frå bussterminal. Klikk her!

Møtetid i Norheimsund:
Oppmøte 15 minutt før avgang for draktskift og briefing.

Avreise frå Bergen busstasjon: 
Klikk her!
Rutebuss nummer 925 frå terminal O (Oscar), Bergen Busstasjon.
Me rår til å ta ein buss med avgang frå Bergen minimum to timar før båtturen.
Reisetid 1 time 25 minutt.
Klikk her for bussruter!
Kjøp billett i billettautomatane på Bergen busstasjon eller betal kontant ved ombordstigning. Har du Bergenskortet er bussreisa gratis. Hugs at Bergenskortet må vera gyldig ved påstigning. Bussbillett kr 81,- for vaksen kvar veg.

Retur til Bergen:
Buss frå Norheimsund Terminal eller frå den vidgjetne Steinsdalsfossen (45 minutt spasertur i vakker natur).
Klikk her for bussruter!
Klikk her for kart til Steinsdalsfossen!

Varigheit:
90 minutt i båten pluss draktskift og briefing.

Påkledning:
Kle deg i praktisk yttertøy og sko. Du får flytedress og briller som gjev varme og tryggleik.

Garderobe og toalett:
Ingen toalett på båtturen, men turr og varm garderobe med verdiskap og låsbart bagasjerom, toalett og dusjanlegg ved basen.

Helse:
Turen er ikkje eigna for personar med rygg- eller nakkeskadar.

Alder:
4 år og oppover. Høg alder ingen hindring.

Betalingsvilkår / Kansellering:
Førehandsbetaling ved tinging. Angrefrist med full refusjon inntil to dagar før avreise. Ved kansellert tur, full refusjon.

Billett:
E-post svaret er billetten din. Ver venleg å ta med utskrift eller vis kvitteringa på telefon ved frammøte i Norheimsund.

Kontakt / informasjon:
Norheimsund Rib direkte telefon 4811 4282

Back to top